Vi vil vere ein samfunnsutviklar
Av: Viserektor for ekstern samhandling Nils Kristian Bogen
Universitetet som institusjon har utvikla seg frå å vere eit høgre utdanningstilbod for dei få til å bli eit kollektivt gode med tilbod til alle. Det har skjedd ei demokratisering av høgre utdanning som har vore til beste for landet, og heilt avgjerande for velstandsutviklinga vi har hatt i Noreg dei siste femti åra.
Universiteta har i all tid vore ein stad for danning og utdanning av unge før dei skal ut i arbeidslivet og bidra til å bygge samfunnet. Etter kvart vaks og forsking fram, i litt varierande grad og omfang avhengig av kva for disiplin eller fagfelt det galdt.
I nyare tid, og særleg dei siste ti-femten åra, har høgskular og universitet vigd mykje tid og ressursar på det som ofte vert omtala som «det tredje oppdraget», men som i røynda handlar om korleis institusjonen blir ein aktiv aktør i å omsette utdanning og FoU til praktisk handling ute i samfunnet. Universitets-dna’et har altså endra seg, til glede for nokre og til stor frustrasjon for andre.
I dette innlegget tenkte eg ikkje å gå inn i den endelause diskusjonen knytta til dei innhalds- og strukturendringane som har gått føre seg i UH-sektoren sidan 1970-talet, og kva for gleder desse har ført med seg for nokre, og kimer til stor frustrasjon for andre.
Eg vil heller skrive om den viktige delen av samfunnsoppdraget eit universitet av i dag har. Det som handlar om å bidra til lokal og regional samfunnsutvikling og verdiskaping; altså oppgåva som ein heilt sentral regional utviklingsaktør.
For lite butikk av eiga forsking
Det skal seiast at vi i Noreg ikkje har nokon lang og solid tradisjon for eit bredt og integrert samarbeid med nærings- og samfunnsliv, i alle fall ikkje samanlikna med andre land i Europa og Amerika. Vi er heller ikkje gode nok til å lage butikk av eiga forsking.
Altfor få av dei 100-talls millionane forskingskroner som kvart år blir pumpa inn til forsking i UH-sektoren, fører fram til etablering av kommersielle, eller andre typer verdiskapande verksemder. Slike som gir nye arbeidsplassar og vekst i brei forstand.
Det er mange forklaringar på kvifor det er slik: Det kan vere interessemotsetnader mellom akademia og næringslivet som gjer eit samarbeid krevjande. Vi har dessutan ein sterk instituttsektor i Noreg, og vi har hatt ei ganske raus finansiering som har gjort akademia for lite svolten på å gå ut. Samstundes ser vi altså at samarbeid mellom universitet og samfunnet ikring oss aukar i omfang og bredde og bidrar nettopp til auka verdiskaping.
Kva finn vi i denne delen av samfunnsoppdraget, og kvifor aukar omfanget av denne delen av samfunnsoppdraget så sterkt i samtida?
Våre viktigaste oppgåver
Den kunnskapsdrivne økonomien gjer universiteta meir interessante for arbeidslivet dersom universiteta evner å gjere seg relevante. Innovasjonskrafta som ligg der som eit potensiale for økonomisk og anna samfunnsmessig utvikling, er dessverre langt frå fullt utnytta. Det er ei av våre viktigaste oppgåver framover å lukkast med det.
Samtida, og, må vi tru, framtida, vil ha endring og omstilling som ein ny normal, ikkje ein mellombels overgang til noko varig stabilt. Derfor må universiteta og høgskulane bli samfunnet sine heilt sentrale verktøy i arbeidet med å skape eit robust og innovativt arbeidsliv, der stadig påfyll av ny kunnskap er heilt avgjerande. Offentlig sektor, kommunar, regionar, så vel som staten sjølv, med ansvar for ein fortsatt berekraftig velferdsstat og samfunnsutviklinga generelt, ser at dei treng tette og gjensidig forpliktande band mot kunnskaps- og forskingssektoren.
Formidling i brei forstand og samfunnskontakt og samarbeid i mange format og omfang er viktige oppgåver som ligg i denne delen av samfunnsoppdraget. Innovasjon som ei sjølvstendig kraft, til dømes gjennom nye samhandlingsmodellar og -mønstre med nærings- og samfunnsliv og offentleg sektor, er noko ein finn her. Samstundes er innovasjon ein sjølvsagt og integrert del av universiteta si FoU-verksemd og utdanningsaktivitetar.
I det heile har det med rette vakse fram ei forventning i regionar eller lokalsamfunn der eit universitet eller ein høgskule er lokalisert, at dei skal delta i, og bidra til, ei ynskt samfunnsutvikling på andre måtar enn før.
Utdanning, forsking og innovasjon er verktøya våre i det arbeidet, men vi må sette dei saman på andre måtar enn tidlegare.
Vi vil vere med å sette retning
Ved USN synes vi dette er bra. Det er i tråd med den rolla vi ynskjer at universitetet vårt skal spela. Ikkje minst er det arbeidet viktig i distrikta. Difor har vi, som USN sitt innspel til den pågåande revisjonen av Langtidsplan for forsking og høgre utdanning, lagt vekt på denne rolla.
Der heiter det mellom anna at både «kunnskaps- og kompetanseutvikling bør organiseres slik at den legger grunnlaget for levende og bærekraftige lokalsamfunn (jfr. NOU 2020:12 og NOU 2020:15). Det forutsetter tilgang til og tilstedeværelse av høyere utdanning og forskning. Universiteter og høyskolers rolle som regionale utviklingsaktører bør fremheves og defineres tydeligere i Langtidsplanen. USN mener at strukturreformens intensjoner ikke er fulgt opp. USN anbefaler derfor å legge bedre til rette for at nåværende institusjoners spredte studiesteder, og eksisterende fagmiljøer, kan utnyttes bedre enn det som er tilfelle i dag».
USN skal vere eit arbeidslivsintegrert og entreprenørielt universitet som stør opp under ei berekraftig samfunnsutvikling. Vi vil vere med å sette retning og bidra til auka verdiskaping i lokalmiljøa ved dei åtte studiestadene USN har, og i regionen vår samla sett.
Ved alle studiestadene våre er det satt i gang arbeid av ymse slag der vi utviklar modellar for samhandling med omgjevnadene. Lokale myndigheiter, offentlege verksemder og lokalt næringsliv er sjølvsagte samarbeidspartnarar for USN i slike lokale eller regionale utviklingsprosjekt.
Styret ved USN har bede institusjonsleiinga føre vidare denne måten å drive USN på, men spisse profilen enda meir. Vi er sikre på at dette er ein god veg å gå. Vi føler óg at ansatte stør opp under ein slik strategi som inneber å gjere USN til ein heilt avgjerande aktør for god samfunnsutvikling i vår region.